Sparebanken Møre med solide tal for fjoråret – også i Ulstein og Hareid:

– Behovet for lokal rådgjeving har auka

Banksjefane ved Sparebanken Møre sine avdelingar i Ulsteinvik og Hareid meiner lokal og kompetent personleg rådgjeving har blitt vesentleg viktigare for folk grunna koronapandemien.

Nøgde banksjefar: D enne Sparebanken Møre-trioen er godt nøgd med utviklinga i 2020, trass i koronapandemien – og starten på året i år. Frå venstre ser ein Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre, Melinda Skeide, banksjef for personmarknaden ved Hareid-avdelinga – og Ellen Kvalsund, banksjef for personmarknaden for personmarknaden ved Ulsteinvik-avdelinga. Foto: Sparebanken Møre.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Fredag kom nyheita om at Sparebanken Møre nett har lagt bak seg eit 2020 med høg aktivitet og styrka marknadsposisjon. Førebelse rekneskapstal for fjoråret viser eit årsresultat etter skatt på 567 millionar kroner, mot 711 millionar kroner i 2019.