Det teiknar til å bli eit tøft år for Kongsberg Maritime – men lyspunkta er der:

- Vi skal utvikle oss saman, i ei felles retning

Fagforeiningane og leiinga ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik har danna ein forsterka, felles front – for å møte marknadsutviklinga på ein best mogleg måte. I tillegg blei ikkje situasjonen rundt maskineringa så heilmørk som fleire hadde frykta.

Forsterka, felles front: Leiinga og dei tillitsvalde ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik står saman om å møte den utfordrande marknadssituasjonen. Frå venstre ser ein Sverre Thorsø, klubbleiar i Fellesforbundet, Geir Sundal, plassdirektør for Service Propulsion, Dag Skarbø, plassjef i Ulsteinvik, Wenche H. Andersen, leiar for forretningsområdet Propulsion & Engines, Håkon Ulstein i FLT, Jan-Ove Gjerde i NITO og Tommy Myrene i Negotia.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Kongsberg Maritime har signert fleire viktige kontraktar den siste tida, og fleire er også under oppsegling. Men – det er samstundes ein svært tøff marknad for selskapet, som er eigd av Kongsberg Gruppen.