Leiaren for NAV Hareid-Ulstein-Sande fortel at arbeidsløysa lokalt minkar:

– Veldig gledeleg

Den lokale NAV-leiaren Alexander Måseidvåg fortel at talet på heilt ledige har gått ned sidan nyttår – både i Hareid og Ulstein. – Det er gledeleg å sjå at folk får nytt arbeid, seier han.

Ser lyst på situasjonen: Alexander Måseidvåg (bildet) er leiar for NAV Hareid-Ulstein-Sande. I lys av dei siste oppdaterte tala for heilt ledige ser han positivt på utviklinga framover. For både i Hareid og Ulstein går arbeidsløysa ned.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Vikebladet Vestposten møtte Måseidvåg i dei flunkande nye lokala til det samlokaliserte kontoret for NAV Hareid-Ulstein-Sande onsdag denne veka. Dei tilsette har funne seg godt til rette i lokala, der dei har vore sidan midten av januar, fortel NAV-leiaren.