Kjempeskipet som er under bygging ved Ulstein Verft er snart klar for sjøprøvar:

– Det blir eit fantastisk flaggskip

Nexans Aurora skal så å seie rett i arbeid etter overleveringa, og skal då blant anna installere kablar til offshore vindfarmar.

Kjempa er snart klar: 149,9 meter lange og 31 meter breie Nexans Aurora formeleg ruvar her bak Frode Beyer (t.v.) og Hans Karsten Voldsund – høvesvis prosjektleiar i Nexans og prosjektleiar i Ulstein Verft. Sjøprøvane tek til i byrjinga av mai. Foto: Ulstein Group. 

Nexans Aurora er eit synleg prov på at vi kan byggje ein så stor og teknologispekka båt.– Nexans Aurora er eit synleg prov på at vi kan byggje ein så stor og teknologispekka båt.

Næringsliv

4 juli 2018 signerte Nexans Subsea Operations kontrakt med Ulstein Verft på bygging av eit stort DP3-kabelleggingsfartøy, med levering i 2021.