Kongsberg Maritime i Ulsteinvik:

- Meir omfattande skade på thrusterane enn forventa

På dette bildet ser ein at ein thruster har laga hol i ein ballasttank innvendig på «Eemslift Hendrika». Kystverket har konkludert med at thrusterane som var plassert i lasterommet hadde forskyvd seg mot styrbord side, slik at skipet fekk slagside. Kongsberg Maritime eig fire av thrusterane, medan to er eigd av ein kunde. Alle seks skulle til Ulsteinvik.  Foto: SJØFARTSDIREKTORATET.

Næringsliv

Geir Sundal, plassdirektør for Service Propulsion ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, fortel at dei seks thrusterane om bord i «Eemslift Hendrika» eigentleg skulle vore på plass på anlegget denne veka.