Ulstein signerte viktig engineeringskontrakt i USA

Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD) signerte i 2020 ein såkalla "basic design"-kontrakt med Ulstein. No ønsker den amerikanske aktøren å få drahjelp frå Ulstein sin skipsbyggingskompetanse i realiseringa av skipet.

Kontrakt: Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD) har signert ein engineering-kontrakt med Ulstein på eit steininstallasjonsfartøy, som skal nyttast til å leggje beskyttande lag med stein på fundamenta til havvindturbinar i USA.  Foto: Illustrasjon/Ulstein Design & Solutions BV.

Næringsliv

I desember 2020 kom nyheita om at Ulstein Design & Solutions BV, søsterselskapet til norske Ulstein Design & Solutions, hadde signert ein designkontrakt med amerikanske Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD). Den kontrakten gjaldt design på eit steininstallasjonsfartøy, som skal leggje eit beskyttande lag med stein på fundamenta til havvindturbinar på amerikanske havvindfarmar.