Skipsdåp ved Ulstein Verft tysdag:

Døypte praktbygget Nexans Aurora

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie kabelleggingsskipet har ein kapasitet på 10.000 tonn kabel og er utrusta med topp moderne utstyr for kabeltransport, installasjon og sikring.

Anne-Lise Aukner, tidlegare direktør i Nexans Norway, hadde det ærefulle oppdraget med å døype Nexans Aurora tysdag. 

Næringsliv

Kabelleggingsskipet Nexans Aurora vart døypt ved Ulstein Verft tysdag. Gudmor var Anne-Lise Aukner, tidlegare direktør i Nexans Norway. Det skreiv Ulstein Group i ei pressemelding.