Fredag kveld blir Pir Bar & Restaurant lansert:

– Eit tilbod for alle

Det seier kjøkkensjef Anita Humberset, som fortel at namneendringa blir markert med ei skikkeleg lanseringshelg under Smak av Ulstein.

Gler seg til lanseringa: Anita Humberset, kjøkkensjef ved Pir Bar & Restaurant, gler seg til lanseringskvelden fredag – og resten av lanseringshelga – som går av stabelen under Smak av Ulstein.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Vi ønsker at det ikkje berre er hotellgjestane som nyttar tilbodet

Anita Humberset, kjøkkensjef Pir Bar & Restaurant
Næringsliv

Lanseringskvelden fredag er fullbooka – men det blir mange gode moglegheiter framover til å prøve ut den nye menyen, fortel Anita til Vikebladet Vestposten. Det er lagt opp til ei heil lanseringshelg under Smak av Ulstein denne veka – for å markere namneendringa. Når det kjem til lunsjtilbodet – så startar det opp igjen laurdag.