Her ligg Green Yard Kleven-bygget - i tørrdokka til Ulstein Verft

Samarbeid: Dette bildet blei tatt onsdag formiddag, og viser at Rem Energy - havvindfartøyet Green Yard Kleven byggjer for Rem Offshore - ligg i tørrdokka ved Ulstein Verft.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Fleire har nok lagt merke til at det mykje omsnakka plattformforsyningsskroget – som Green Yard Kleven er i ferd med å byggje om til eit havvindfartøy for Rem Offshore – no ligg i tørrdokka ved Ulstein Verft. Skroget kom på plass i dokka tysdag kveld.