Til venstre ser ein «Gullblokka» i midten av mai - då arbeidet med å plukke ut diverse material frå bygget hadde starta. Til høgre ser ein det som står att av «Gullblokka», 17. juni, etter at rivingsentreprenøren AF Decom har tatt ned heile fløya til venstre. Innan starten av august skal bygget vere heilt vekke - og plassen rydda. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Kollasj.

- Arbeidet går etter planen

Det seier Rolf Skarbø i rivingsentreprenøren AF Decom til Vikebladet Vestposten. Då lokalavisa var innom tomta torsdag - var heile den eine fløya riven. I starten av august skal bygget vere heilt vekke og plassen rydda.