Tilførte 500 millionar gjennom aksjeemisjon

Havila Capella er sjøsett ved Tersen-verftet i Tyrkia og blir truleg levert i løpet av få veker. Onsdag har Havila Kystruten fullført ein aksjeemisjon som tilfører selskapet 500 millionar kroner.   Foto: Havila Kystruten

Næringsliv

Havila Kystruten har fått fullteikna ein nyemisjon og får på denne måten tilført selskapet 500 millionar norske kroner i ny eigenkapital. Det skriv Havila Kystruten i ei pressemelding. Emisjonen vart tilrettelagt av Fearnley Securities og Sparebank 1 Markets.