Sentral i den nye satsinga: Karl-Erik Sæbønes er avdelingsleiar for resirkulering ved Green Yard Kleven - der ti tilsette i dag jobbar dedikert med å resirkulere gamle skip og konstruksjonar. 28-åringen frå Sæbø er også leiar for service, innreiing, måling og ventilasjon - og har med andre ord mykje ansvar. - Det er veldig givande å få leie resirkuleringsavdelinga, og å sjå at vi gjer godt arbeid innanfor eit område som trass alt er ganske nytt for oss, seier Karl-Erik Sæbønes.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Arbeidet med å resirkulere MF «Jondal» er godt i gang:

Livslaupsverftet Green Yard Kleven

Resirkuleringa av bilferja MF «Jondal» frå 1974 markerer nok ein historisk milepåle ved den tradisjonsrike verksemda, som først tok til då Marius Kleven sette opp ei lita smie i Kleivakøyla på Dimnøya i 1939.

For første gong kan Green Yard Kleven verkeleg kalle seg for eit livslaupsverft – då verksemda no både byggjer, byggjer om og resirkulerer skip. Frå vogge til grav, med andre ord. Verftet skal altså halde fram med å vere aktive på nybyggingsmarknaden – samstundes som det blir bygd om og resirkulert tonnasje.

Då Vikebladet Vestposten var på verftsområdet denne veka, var den erfarne maskinføraren Eldar Bjåstad i sving med å plukke frå kvarandre styrhuset på den gamle bilferja MF «Jondal» frå 1974 – bit for bit.

(Teksten held fram under bilda)

Styrhusriving: Her gjorde maskinførar Eldar Bjåstad seg klar til å byrje på rivinga av styrhuset på den gamle bilferja MF «Jondal» frå 1974.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Store krefter: Klypa på maskina, som eigentleg ser meir ut som ei gigantisk krabbeklo - har ei knipekraft på heile 17.000 kN (kilonewton).  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Løfta frå bakken: På eit tidspunkt tok maskina tak i styrhuset og løfta det delvis opp frå bakken - for å rive av eit stykke stål.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

9. juli, berre nokre dagar før eittårsjubileet til Green Yard Kleven 14. juli – blei den første klippinga av stål på bilferja gjort.

– Eg har jobba med stål i over 30 år – og siste to-tre åra har eg jobba med riving i AF Decom. Det var veldig spanande å få denne moglegheita, seier Bjåstad, som var den første som var tilsett i Green Yard Kleven for å jobbe spesifikt med resirkulering av skip.

Erfaren: Maskinførar Eldar Bjåstad hadde full kontroll på klippinga av styrhuset på MF «Jondal». Bjåstad har over 30 års erfaring med stålarbeid - og kom til Green Yard Kleven som den første som var tilsett spesifikt for å jobbe med resirkulering av skip.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.



Lokalavisa fekk med dette eit første skikkeleg innblikk i korleis resirkuleringsarbeidet går føre seg ved Green Yard Kleven.

Det er ein imponerande operasjon verksemda har fått til – berre litt over året etter at Agder-baserte Green Yard Group kjøpte konkursbuet etter Kleven Verft og gav verftet namnet det har i dag.

Skal resirkulerast: Det er allereie ei solid mengd stål, kabel og mykje anna som er henta ut av dei første skipa som skal resirkulerast ved Green Yard Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.



Offshoreveteranen Skandi Admiral er neste skip som skal skjærast og kuttast opp. Arbeidet med å plukke ut interiør og anna frå det tidlegare ankerhandteringsfartøyet har vore i gang ei stund allereie, fortel Karl-Erik Sæbønes.

– Det er også ganske spanande å sjå kva som kan få eit nytt liv blant det vi demonterer frå skipa. Til dømes gjer vi no studiar på om vi kan setje den tidlegare vinsjtrommelen på Skandi Admiral på land – for å hjelpe verftskranene med å dra skipet opp på beddingen. Kanskje kan den bli ein fast installasjon på beddingen også, om det fungerer bra, seier Sæbønes.

– Givande

28-åringen frå Sæbø er avdelingsleiar for resirkulering i Green Yard Kleven – men også service, innreiing, måling og ventilasjon. Han byrja først å jobbe ved Ulstein Verft i ein alder av 16 – som TAF-elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Etter å ha fullført læreperioden der – byrja han på ingeniørstudiar ved NTNU i Ålesund – og produkt- og systemutvikling – med stipend frå Ulstein.

Har gått gradene: Karl-Erik Sæbønes starta først å jobbe ved Ulstein Verft, i ein alder av 16 år - som TAF-elev ved Ulstein vidaregåande skule. Etter ingeniørstudiar ved NTNU i Ålesund fekk han jobb i Kleven Verft - og blei med vidare over i Green Yard Kleven då Green Yard Group kjøpte konkursbuet etter verftsselskapet sommaren 2020.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Diverre kom nedturen innanfor olje- og gassnæringa i denne perioden, og han fekk ikkje jobbe vidare i Ulstein.

Han fekk i staden tilbod om å byrje som arbeidsleiar på utrustingsavdelinga ved Kleven Verft – akkurat i tida då kontraktane på Hurtigruten sine ekspedisjonscruiseskip MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen blei inngått.

– Det var under bygginga av desse to store skipa at eg verkeleg fekk utvikle meg. Det er veldig givande å få leie resirkuleringsavdelinga, og å sjå at vi gjer godt arbeid innanfor eit område som trass alt er ganske nytt for oss, seier Karl-Erik Sæbønes.

For mykje tonnasje i marknaden

For ein lokalavisjournalist som har vore tallause gonger ved Kleven Verft, no Green Yard Kleven – mest for å skrive om nybyggingsprosjekt – er det veldig spanande å sjå retninga verftet no går i.

For i eit tid der svært mange konkurrerer om dei få nybyggkontraktane som finst i marknaden – er det heilt unikt at Green Yard Kleven har sikra seg eit så solid, nytt bein å stå på.

– Det er mykje overflødig tonnasje i marknaden, og vi er i kontakt med mange ulike aktørar rundt resirkulering, seier Sæbønes.

Neste ut: Offshoreveteranen Skandi Admiral er det neste skipet som skal til pers. Om ikkje lenge byrjar arbeidet med å kutte stål på den tidlegare ankerhandteraren.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.



Ti tilsette blir til langt fleire

Per i dag er rundt ti tilsette dedikert til resirkuleringsarbeid – men avdelingsleiaren ser føre seg at det talet vil auke betrakteleg framover.

– Vi har jo vore kjent for å vere eitt av verdas beste nybyggingsverft. No skal vi ta opp skip på beddingen av same kaliber som vi har bygd mange av – ein bedding der vi har sjøsett svært mange skip opp gjennom åra frå.

MF «Jondal» er eit lite prosjekt i denne samanhengen – men det blir noko anna når vi skal gyve laust på Skandi Admiral på 4.600 tonn og lekteren som ligg ved sidan av på 1.600 tonn, seier Karl-Erik Sæbønes.

Som etterlyser fleire støtteordningar – slik at fleire reiarar ser at det er fornuftig å resirkulere gammal tonnasje.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon både for oss og for reiarlaga. Med mindre overflødig tonnasje vil konkurransesituasjonen også betre seg for reiarlaga. Det er ei spanande satsing vi er i gang med – og eg har ståltru på at dette vil utvikle seg vidare, i positiv retning, seier Sæbønes avslutningsvis.

Sjå fleire bilde under:

Siste stoppestad: Her er eit knips frå då MF «Jondal» blei hjelpt opp på beddingen av ein hjullastar og to verftskraner for ei tid tilbake.  Foto: Samferdselsfoto/Tor Arne Aasen.



Strippa: Inne i den gamle ferja er det aller meste utanom stålet strippa vekk - og gangen ein ser her har sett heilt annleis ut før.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Spøkjelsesferje: Salongen i ferja er heller ikkje til å kjenne igjen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Mykje brukt: Denne trappa har nok mange føter gått i sidan ferja var ny tilbake i 1974.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Bildekket: Det var ikkje all verda med plass på bildekket til den gamle bilferja.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Bit for bit: Her hadde ein kome litt lenger i prosessen med å plukke styrhuset ifrå kvarandre -bit for bit.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Metall og måling: Klypa reiv av metallbitar og måling i det den reiv styrhuset.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Beddingen: Berre for eitt års tid sidan var beddingen ved Green Yard Kleven nytta til heilt andre ting enn å plukke i stykke skip.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

MF «Jondal»: Restane av MF «Jondal» sett frå lekteren som ligg ved sidan av Skandi Admiral, fortøydd ved verftskaia ved Green Yard Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Vinsjegjenbruk? Her ser ein dekket på den tidlegare ankerhandteraren Skandi Admiral. – Det er også ganske spanande å sjå kva som kan få eit nytt liv blant det vi demonterer frå skipa. Til dømes gjer vi no studiar på om vi kan setje den tidlegare vinsjtrommelen på Skandi Admiral på land – for å hjelpe verftskranene med å dra skipet opp på beddingen. Kanskje kan den bli ein fast installasjon på beddingen også, om det fungerer bra, seier Karl-Erik Sæbønes, avdelingsleiar for resirkulering ved Green Yard Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Skjerebrenning: Her blir delar av skutesida på MF «Jondal» delt opp med skjerebrennar - og seksjonane blir så løfta lenger opp på beddingen - der dei blir delt opp ytterlegare. Legg også merke til det artige smilefjeset som akkurat kom med gjennom eitt av vindauga. Eit smilefjes nokon av arbeidarane har teikna på veggen ved bildekket.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.