Tillitsvalde om dei varsla endringane ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik:

- Det blir ein veldig spanande haust

Fleire av dei tilsette ved Kongsberg Maritime sitt anlegg i Ulsteinvik er svært spente på kva flyttinga av thrusterproduksjonen til Finland – og andre endringar – vil ha å seie for talet på arbeidsplassar.

Spente på hausten: Tommy Myrene (f.v.) i Negotia, Lars Bjørdal og Sverre Thorsø i Fellesforbundet, Birgit Kjoss Lynge i Tekna og Håkon Ulstein i FLT er spente på kva endringane ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik vil ha å seie på arbeidsstokken. Dei meiner det meste vil bli avgjort i løpet av hausten.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Det er mange som føler at det blir gambla med folk og kompetanse no

Tommy Myrene, Negotia
Næringsliv

– Det er no kampen verkeleg startar. Som hovudtillitsvalde er målet vårt å jobbe for å bevare mest mogleg av arbeidsstokken vi har her i dag, seier Sverre Thorsø i Fellesforbundet, som har flest medlemmar blant fagforeiningane ved anlegget.