Kongsberg Maritime sikra stor kontrakt med Vard:

- Ein flaggdag for oss

Rem Offshore er det første reiarlaget i verda som får ein komplett PM-pakke av stor storleik - utvikla og installert av Kongsberg Maritime. Måndag møttest partane på Rem sitt hovudkontor i Fosnavåg.

Feira kontrakten: Representantar frå Rem Offshore, Vard Group og Kongsberg Maritime samla på kaia i Fosnavåg måndag. Frå venstre ser ein Jan Terje Saunes (Kongsberg), Thomas Dalsøren (Rem), Runar Vågnes (Vard), Ottar Ristesund (Kongsberg), Ronny Pål Kvalsvik (Rem), Åge Remøy (Rem), Leif Vartdal (KM), Wenche H. Andersen (Kongsberg)  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Utstyrspakken skal installerast på to nye CSOV-skip (Construction Service Operations Vessels) som skal designast og byggast av Vard Group – for Herøy-baserte Rem Offshore. Det kom fram under eit pressetreff i Fosnavåg måndag ettermiddag.