Her kjem det ny, svanemerkt vaskehall i 2022

Reitan AS sitt tilbod på Glopen blir neste år utvida med ein flunkande ny vaskehall - som skal vinne att 80 prosent av vatnet som blir brukt.

Nytt tilbod på Glopen: Slik ser Uno-X føre seg bilvaskkonseptet av typen som vil kome på plass like ved drivstoffstasjonen til Uno-X og Rema 1000 på Glopen - anten til våren eller sommaren 2022. Dette er berre ein illustrasjon, og ingen indikasjon på korleis vaskehallen blir plassert i høve drivstoffstasjonen.  Foto: Illustrasjon/Uno-X.

Næringsliv

Region- og etableringssjef i Uno-X, Thron Sperre Olsen, bekreftar overfor Vikebladet Vestposten at eit bilvaskeanlegg vil kome på plass på Glopen, like ved drivstoffstasjonen til Uno-X og Rema 1000.