Frå nordvestlege Spania til nordvestlege Noreg:

– Eg må seie at X-Bow fascinerte meg

Blant anna på grunn av ein fascinasjon for den ikonisk baugdesignen utvikla i Ulsteinvik, hamna Jose Jorge Garcia Agis (31) frå nordvestlege Spania hamna i nordvestlege Noreg. No er han viseadministrerande direktør i Ulstein International.

Spanjol i Ulsteinvik: Jose Jorge Garcia Agis (31) kjem opphavleg frå det nordvestlege Spania. No er han busett i Ulsteinvik, i det nordvestlege Noreg. Lenge før han kom til Ulsteinvik vart han fascinert av baugdesignen Ulstein X-Bow – som blei utvikla nettopp der. No er han sentral i Ulstein International – og har naturlegvis pins med X-Bow på dressjakka.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Eg har blitt veldig glad i Ulsteinvik og regionen i løpet av dei åtte åra eg har vore her

Jose Jorge Garcia Agis, viseadministrerande direktør i Ulstein International
Næringsliv

– Eg likar meg godt i jobben min – og får treffe mange spanande menneske. Eg har blitt veldig glad i Ulsteinvik og regionen i løpet av dei åtte åra eg har vore her. Å gå på fjellet og drive med Crossfit har blitt to favorittaktivitetar, seier Jose til Vikebladet Vestposten.