Island Offshore-sjefen:

- Oljeprisen kan halde seg høg lenge

Ulsteinvik-baserte Island Offshore nyt godt av ein oljepris som tysdag passerte 80 dollar – og håper naturlegvis prisen vil halde seg høg ei stund framover.

Nøgd med oljeprisen: Administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet, er naturlegvis nøgd med at oljeprisen tysdag bikka 80 dollar fatet. Det nivået har ikkje prisen vore på sidan oktober 2018.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Tysdag morgon passerte prisen på nordsjøolje brent 80 dollar, for første gong sidan oktober 2018. I tillegg er det no skyhøge prisar på gass i Europa. Det skriv Dagens Næringsliv (ekstern lenkje).