Ulstein-båt skal ta del i prestisjeprosjekt i Frankrike

PRESTISJEPROSJEKT: Etter planen skal Acta Auriga, som vart levert frå Ulstein Verft i 2018, ta del i bygginga av den første kommersielle havvindparken i Frankrike. Arbeidet skal ta til i andre halvår 2022.  Foto: Acta Marine

Næringsliv

I mars 2018 vart Acta Auriga overlevert frå Ulstein verft til det nederlandske reiarlaget Acta Marine som mellom anna har spesialisert seg på skip nytta ved konstruksjon og vedlikehald av havvindparkar. Neste år skal skipet nyttast i utbygginga av et prestisjefylt havvindprosjekt i Frankrike.