Konsernleiaren blir også verftsdirektør - og avviser interesse frå IT-milliardær:

- Eg kjem til å vere mykje på verftet

Hans Jørgen Fedog ser fram til betrakteleg meir vekependling til Kleivakøyla. Han gler seg til resirkuleringa av fleire offshoreskip - og den vidare utviklinga til livslaupsverftet Green Yard Kleven.

Konsernleiar og verftsdirektør: Sørlendingen Hans Jørgen Fedog er konsernleiar i Green Yard Group - og no også verftsdirektør i Green Yard Kleven. Her står han på landgangen til det tidlegare DOF-kontrollerte offshorefartøyet Skandi Admiral som i skrivande stund blir resirkulert ved verftet. Fedog fortel at han kjem til å vere mykje meir synleg på verftet, no som han også har tatt på seg rolla Kjetil Bollestad hadde inntil nyleg.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

På same dag som Solstad Offshore kunne melde at Green Yard Group kjøper sju utrangerte skip av dei, som skal resirkulerast ved Green Yard Feda og Green Yard Kleven – blei det også klart at Hans Jørgen Fedog tek over stafettpinnen etter Kjetil Bollestad.