MS Fridtjof Nansen:

Tilbake til Green Yard Kleven for klargjering

Ekspedisjonscruiseskipet kjem tilbake til verftet der det blei bygd for å klargjerast til nye eventyr. Søsterskipet er akkurat ferdig - og segla frå verftet fredag.

MS Fridtjof Nansen skal tilbake til Green Yard Kleven for å klargjerast til nye ekspedisjonscruise. Her frå då skipet var på prøvetur på Storfjorden og sidefjordane i 2019.  Foto: Arkiv/Hurtigruten.

Næringsliv

Green Yard Kleven melde fredag om eit nytt oppdrag for Hurtigruten - då det i ei pressemelding går fram at verftet skal klargjere MS Fridtjof Nansen til nye ekspedisjonscruise.