Solid auke i salet av engelske bøker

Dei tre ekstrahjelpene ved Norli i Ulsteinvik, Astrid Johansen, Erle Stokkevåg og Pritty Ravi, får ein god del av æra for at salet av engelskspråklege boktitlar har skote i veret. 

Næringsliv

Ved bokhandelen Norli på Amfisenteret i Ulsteinvik har dei det siste året merka ein stor oppgang i interessa for engelskspråkleg litteratur. Og det er særleg yngre lesarar som kastar seg over desse bøkene.