National Geographic Resolution har reist frå Ulsteinvik

National Geographic Resolution på veg ut Ulsteinfjorden før kursen vart sett sørover.  Foto: Linda Eikrem

Næringsliv

Ekspedisjonsskipet National Geographic Resolution forlèt søndag ettermiddag Ulsteinvik med Skagen i Danmark som reisemål - i følgje nettstaden Marinetraffic.com. I følgje samme nettstad har skipet, i staden for å setje kursen sørover, gått inn Breisundet og lagt seg til nordaust av Hjørungneset. Etter nokre timar innanskjers sette National Geographic Resolution X-bow'en ut mot ope hav og passerte Godøya 21.15.