Dette skipet skal døypast i helga

Laurdag blir havvindskipet Rem Energy, bygd ved Green Yard Kleven, døypt ved kai på Mjølstadneset i Herøy.

Skal døypast: Her er eit knips frå ein prøvetur Rem Energy nyleg har vore på. Laurdag blir det Green Yard Kleven-bygde havvindskipet døypt ved kai på Mjølstadneset i Herøy.  Foto: Martin Ringstad/Green Yard Kleven.

Næringsliv

Rem Offshore og Green Yard Kleven inviterer både bygdefolket og pressa til høgtidleg dåpsseremoni for Rem Energy førstkomande laurdag ettermiddag, der gudmor Birthe Marie Remøy skal sende i veg champagneflaska mot skutesida.