Heidra med høgthengande pris i London

Morten Ulstein, styreformann i Island Offshore - blei onsdag tildelt OSJ Lifetime Achievement Award for sin særskilde og viktige innsats i marknaden for offshore servicefartøy.

Fekk gjev pris: Island Offshore-styreleiar Morten Ulstein blei tildelt den gjeve OSJ Lifetime Achievement Award under ein gallamiddag i London onsdag.  Foto: Island Offshore.

Næringsliv

Prisutdelinga fann stad under ein gallamiddag i London – under den årlege konferansen til Offshore Support Journal. Prisen blir gitt til ein enkeltperson som gjennom livet har gjort ein særskild og viktig innsats i marknaden for offshore servicefartøy.