«Rem Energy»:

Første nybygg på seks år

«Rem Energy» er namnet på det nye havvindskipet som Green Yard Kleven har bygt for Rem Offshore. Adm. dir. Fredrik Remøy i Rem Offshore har så stor tru på havvindnæringa at dei også har denne typen skip under bygging hos Vard i Brattvåg og Vietnam.

Kaptein Kristian Stenseth, maskinsjef Eivind Eik, gudmor Birthe Marie Remøy og administrerande direktør Hans Jørgen Fedog samla framfor «Rem Energy». Foto Anne Gry Eilertsen 

Næringsliv

Det har lenge vore langt mellom skipskontraktane for verfta i regionen. Det var derfor stor stas på Mjølstadneset i Herøy laurdag då Green Yard Kleven og Rem Offshore baud inn til dåpsfest for «Rem Energy».