Lanserer betydeleg satsing på skaparkraft

Fylkeskommunedirektøren vil styrke eksportnæringane i Møre og Romsdal. Med Skaparkraft 2022-2032 vil ein stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei spissa satsing på grøne industrielle løft, kompetanse, teknologi og energi.

Vil bidra til skaparkraft: Næringssjef Hilde Aspås og næringspolitisk rådgjevar Helge Hegerberg i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

Næringsliv

Saka skal til politisk behandling i fylkesutvalet førstkomande tysdag, og i fylkestinget 6.-8. desember. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.