Amerikanske ABC News sende direkte frå «National Geographic Endurance»:

– Vi er veldig stolte

Mellom 10. og 18. november kunne millionar av amerikanske sjåarar følgje det Ulstein-bygde polare ekspedisjonscruiseskipet direkte frå Antarktis og Drakepassasjen.

Kringkasta til millionar av amerikanarar: Gjennom fleire innslag under Good Morning America sine sendingar var ein direkte inne frå «National Geographic Endurance» – på ekspedisjonscruiseskipet sin seglas til og frå Antarktis. Skipsdesignar Terje Våge, som her viser eitt av klippa, var den som leia den tekniske utviklinga av designen på skipet – og søsterskipet «National Geographic Resolution» – før kontrakt. Han og dei andre tilsette i Ulstein er naturlegvis stolte over eksponeringa skipet har fått.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Det er kanskje litt klisjé å seie det slik – men desse båtane er jo litt som ein baby for meg

Terje Våge, skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions
Næringsliv

For eit par veker sidan gjekk programleiar Amy Robach og eit stort følgje frå ABC News sitt kjende og kjære morgonprogram Good Morning America om bord i «National Geographic Endurance» i den argentinske hamnebyen Ushuaia.