Signerte sin største kontrakt innan forskingssegmentet nokosinne:

Har sikra arbeidsplassane i konsernet i to år framover

Ulsteinvik-baserte Evotec AS har sikra seg ein kjempeavtale med det sør-koreanske havforskingsinstituttet KIGAM - på ein båt designa av Ulstein Design & Solutions.

Avtalen i boks: Her ser ein eit bilde frå signeringa av kontrakten i Sør-Korea. Frå venstre ser ein James Lee frå Entec Sør-Korea, Sang-Hun Jeon (Deputy General Manager, HHI), Torkjell Ringstad (Evotec) og Dag Johnny Seljeset (Evotec).  Foto: Evotec.

Næringsliv

- Dette, i tillegg til ein del andre ting som vil kome etter kvart - er med på å sikre arbeidsplassane i konsernet i to år framover. No kan vi tilby våre tilsette ein meir føreseieleg situasjon - i tillegg til at vi er ute etter meir folk, seier sals- og marknadssjef i Evotec, Torkjell Ringstad.