Nordmørsselskap kjøper Sandsøy Servicebåt AS

Den sterke konkurransen i servicebåtmarknaden har vore medverkande til at Sandsøy Servicebåt AS no vert selt og går inn under Abyss Group sin paraply.

Sel familieselskap: Dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor og styreleiar Inge Bringsvor i Sandsøy Servicebåt AS, selskapet som no vert selt til Abyss-gruppa i Kristiansund.  Foto: Arkiv/Endre Vorren/Vestlandsnytt.

Næringsliv

(Vestlandsnytt): Abyss er eit større selskap som opererer i same bransje som Sandsøy Servicebåt AS. Dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor i Sandsøy Servicebåt kjøper seg som ein del av handelen inn i overtakande selskap, og vert regionleiar i Abyss si nye avdeling på Sunnmøre med base i Ulsteinvik.