Døypte Grand Canyon II

Største skipet som er levert frå Myklebust Verft.
Næringsliv

Laurdag var det stor festivitas ved Stornespiren i Ålesund, då Voldstad Marine og Kleven inviterte til ope skip og skipsdåp av konstruksjonsskipet Grand Canyon II.

Ifølgje Kleven er dette det største skipet som til no har blitt levert frå Myklebust Verft, som i år feirar 100 år.

Grand Canyon II er det første av to systerskip Myklebust Verft skal levere til reiarlaget Voldstad Marine. Desse skipa har ei lengde på 126 meter og ei breidde på 25 meter. Dei er innreidde for 104 personar, og skal ut i oppdrag for Canyon etter levering.

I sitt 100. år har Myklebust Verft sin største aktivitet nokosinne, og verftet har denne våren opp mot 1000 personar i arbeid med å utruste og sluttføre tre store fartøy.

Det er Skipsteknisk i  Ålesund som stor for design på Crand Canyon II. Systerskipet Grand Canyon III skal etter planen overleverast frå Myklebust til Voldstad Maritime i juni, men før den tid skal verftet levere Polar Empress til GC Rieber Shipping.