Protest frå 11 ordførarar

Ordførarane i Ulstein og Hareid, ordførarane i åtte andre kommunar og fylkesordføraren, protesterer mot at Oslo-rutene frå Ørsta/Volda Lufthamn Hovden ikkje lenger skal få statleg tilskot.

Fylkesordførar Jon Aasen, ordførarane på Søre, i Stranda, Hornindal og Stryn er uroa over kva som skjer dersom det statlege tilskotet til Oslo-rutene frå Ørsta/Volda Lufthamn Hovden forsvinn.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Det går fram i eit brev som er sendt til den politiske leiinga i Samferdsledepartementet. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om dette brevet.

- Vårt krav er at departementet på nytt vurderer saka, skriv ordførarane og viser til at avgjerda er stikk i strid med råd næringslivet, kommunane og fylkeskommunen gav i høyringsrunden, står det å lese i brevet.

Ordførarane åtvarar mot å innføre full kommersialisering av Oslo-rutene. I samla tropp meiner desse elleve ordførarane at dette ikkje er berekraftig i denne perioden.

– Vi trur det vil føre til dårlegare flytilbod, auka prisar og ei nedbygging av ein dei mest suksessrike kortbaneflyplassane i Noreg, står det også å lese i brevet.