Rolls-Royce avviklar fabrikken i Hjørungavåg

Vil prøve å gi dei 200 tilsette arbeid andre stader i konsernet

Avviklar Roll-Royce Marine planlegg å avvikle fabrikken i Hjørungavåg. Dei tilsette vart informert om planane tidlegare i dag. 

Næringsliv

Rolls-Royce Marine gjer gjennom ei pressemelding det kjent at dei i dag har informert dei tilsette om at selskapet planlegg å avslutte produksjonen ved fabrikken i Hjørungavåg. Dei tilsette vart også oppdaterte om andre pågåande endringsprogram i Rolls-Royce Marine.

Rolls-Royce Marine AS har om lag 200 tilsette ved fabrikken i Hjørungavåg. Konsernet har i alt totalt rundt 2200 tilsette i Norge. Fabrikken produserer utstyr til seismikk- og subsea-farty.

- Denne marknaden er van med store svingningar, men den siste tida har vore ekstra utfordrande. Rolls-Royce vil framleis satse i denne marknaden, og ser no på alternative løysningar for denne delen av verksemda vår, seier Helge Gjerde, fungerande konsernsjef i Rolls-Royce Marine.

Les også: Helge Gjerde ny toppsjef i Rolls-Royce

Rolls-Royce opplyser i pressemeldinga at dei tilsette i Hjørungavåg kan verte overført internt til nye jobbar på andre fabrikkar eller i andre kontorlokale på Sunnmøre.

- Det kan også verte aktuelt med nedbemanning, men dette må først drøftast grundig med dei tilsette sine representantar, heiter det i pressemeldinga.

- Offshoremarknaden er som kjent spesielt utfordrande for tida og vi, som så mange andre selskap, tilpassar oss denne verkelegheita. Å stenge ein fabrikk er ikkje ei enkel avgjerd. Fabrikken i Hjørungavåg har ei historie prega av entreprenørskap og ståpå-vilje. Vi skal bygge vidare på dette når vi no skal finne nye løysingar for seismikk- og subsea-delen av verksemda vår, seier Helge Gjerde.

Fabrikken i Hjørungavåg er ein av sju fabrikkar som Rolls-Royce-konsernet har her i landet.