Nytt Havyard-skip til Færøyane

Havyard Group AS skal levere nok eit forsyningsskip til det færøyiske reiarlaget Supply Service Pf.
Næringsliv

Herøy-selskapet har skreve kontrakt med Supply Service om levering av eit farty av designa Havyard 832 L til Færøyane og reiar Tummas Justinussen. Dette vert det fjerde skipet med Havyard-design som skal leverast til reiarlaget på Færøyane og det tredje Supply Service-fartyet som vert bygd ved Havyards verft i Leirvik. Reiarlaget var det første som bestilte designa Havyard 832 som har vorte ein stor suksess. Dette er farty nummer 14 som vert levert i den populære serien.

Plattformforsyningsfartyet (PSV) vert levert i juli neste år, og skroget er allereie under produksjon ved verftet i Cemre i Tyrkia. Kontrakten har ein verdi på om lag 300 millionar kroner.

Glad for ny finansordning

– Supply Service Pf har utvikla seg til å verte ein svært god og viktig kunde for Havyard. Vi vonar dette er starten på ein lang og god relasjon til Færøyane og den framtidige oljerelaterte næringa som er i ferd med å byggje seg opp der, seier direktør for forretningsutvikling og sal nybygging i Havyard Group AS; Tor Leif Mongstad.

– Vi i Havyard Group er dessutan svært glade for at Regjeringa no vil opprette ei eksportfinansieringsordning i statleg regi. Dette gjer det mogeleg å inngå slike kontraktar også i framtida. Med denne ordninga på plass kan næringa no konsentrere seg om det aller viktigaste, nemleg å skaffe kontraktar som gjev arbeid og sikrar sysselsetjinga, seier Mongstad.

Satsar offshore

Supply Service er ein del av Sjöborg PF-gruppa, eit selskap som i si tid vart bygd opp av Tummas Justinussens far Osmund Justinussen. Familieselskapet har eigd nærare 40 fiskebåtar i løpet av like mange år, og trass i at Færøyane ikkje har noko oljeutvinning er det offshorenæringa reiarlaget Supply Service no satsar tungt på.

Utrustinga av PSV-en vert gjort på Havyard Group AS sitt verft Havyard Ship Technology AS i Leirvik og den nye kontrakten medfører også store leveransar for konsernet sine andre forretningsområde som Havyard Design & Engineering og Havyard Power & Systems. Norwegian Electric Systems, der Havyard Group er medeigar, vil levere komplett diesel elektrisk framdrift til det nye PSV-fartyet.