Samarbeider om offshore installasjonsfartøy

Norwind Installer og Ulstein samarbeider om offshore installasjonsfartøy for vindturbinfundament.
Næringsliv

Det norske selskapet NorWind Installer har valt ULSTEIN som designpartnar for eit installasjonsfartøy for offshore vindkraft.

Designselskapet Ulstein Sea of Solutions og utstyrsselskapet Ulstein Idea Equipment Solutions i Nederland har utvikla eit installasjonsfartøy for fundament til offshore vindkraftindustrien. Fartøyet er ein tilpassa versjon av ULSTEIN sin Deepwater Enabler-design.

DP-fartøyet (DP=dynamisk posisjonering) er designa for operasjonar over heile verda med hovudvekt på installasjonar av pålar og fundament til offshore vindindustrien i Nord-Europa. Utforminga av dekka er basert på NorWind Installer sine installasjonserfaringar frå Alpha Ventus (den første vindfarmparken i Tyskland).

Tilnærminga for denne designen har vore unik i den forstand at NorWind Installer og ULSTEIN starta dette prosjektet ved å gjennomføre ULSTEIN sin ABD-prosess (Accelerated Business Development). Dette er ein forretningsutviklingsprosess der ein vurderer operasjonelle, tekniske og kommersielle aspekt ved ei investering, og som resulterer i ein forretningsplan med evaluering av moglege løysingar. Løysingane vart diskutert i ein open prosess der ein kom fram til eit alternativ som stettar NorWind Installer sine krav og ønske.

– Vi er nøgde med det konseptet vi kom fram til. Det er definitivt i tråd med vår visjon om å kombinere det beste innan tekniske løysingar med farta og sjøeigenskapane til eit DP-fartøy. Det gir oss moglegheita til å tilby våre installasjonstenester heile året rundt i opp til 2,5 meter Hs (signifikant bølgjehøgd), og å møte kundane våre sine forventningar til kostnader, seier Thorbjørn Hansen, leiar for teknologiutvikling ved NorWind Installer.

Fartøyet er designa med sikte på effektive offshoreinstallasjonar kombinert med låge kostnadsratar. Skipet har ei 800 tonns hivkompensert offshorekran på styrbord side, medan ei ramme for pålenedsetting kan vere plassert på ein støttestruktur på hekken. Fartøyet kan frakte fire fundament (jackets), alternativt minst 24 pålar eller opp til 12 overgangsstykke (mellom turbin og monopål) på akterdekket.

For å forbetre fartøyet sin operabilitet, har antikrengingssystemet blitt utforma på ein slik måte at krana i løpet av fem minutt kan rotere 180 ° med full last i hovudkroken, noko som er svært gunstig ved handtering av eit stort fundament.

Når ein opererer i pålemodus, vert påleramma posisjonert på havbotnen av hovudkran, parallelt vert ein påle løfta av ei pålehandteringskran, plassert i ei ramme på styrbord side og plassert i oppreist stilling. Hovudkrana har blitt endra av ULSTEIN på ein slik måte at ho først kan løfte pålehammaren med hovudkroken og koplar han saman med den opprøyste pålen ved hjelp av ein hjelpekrok. Når hammaren arbeider med å drive pålen ned i havbotnen, vert neste påle røyst opp og klargjort.

Det store akterdekket og hovudkrana gir fleksibilitet for å betene alternativt subsea- og offshoremarknaden i framtida. Denne fleksibiliteten er auka ytterlegare ved at to store lasterom høvelege for karusellar er lokaliserte under hovuddekket. Det er også utvikla ein dekksdesign for fartøyet til installasjon av tidevassturbinar.

Voith Schneider-propellar på 3900 kW kvar vil gi ei marsjfart på 13 knop og forbetre DP-evnene til fartøyet. For å minimere miljøpåverknaden er det installert NOx-reduksjonssystem i eksossystemet.

– Etter å ha jobba tett med NorWind Installer i ABD-prosessen, starta ULSTEIN utviklinga av eit integrert konsept for skipet og spesialtilpassa dekksutstyr som gjer skipet i stand til å gjere oppgåvene det er tiltenkt. Dette prosjektet viser den kombinerte styrken vi kan tilby kundane våre for at dei skal kunne realisere sine visjonar, seier Edwin van Leeuwen, prosjektleiar i ULSTEIN.

Hovuddimensjonar på fartøyet er:

LOA 160,3 m

LPP 145,5 m

Breidde 32,0 m

Djupne i riss 12,6 m

Djupgang (operational) 8,0 m

Hastigheit 13 knop

Installert effekt 6 x 4680 kW

Hovudkran 800t (AHC – aktiv hivkompensert)

Besøk NorWind Installer på EWEA OFFSHORE 2011 WIND, standnummer 10040

Besøk ULSTEIN på EWEA OFFSHORE 2011 WIND, standnummer 11340