Island Offshore har tinga to nye skip frå Rolls-Royce

Rolls-Royce skal levere design og utstyr til to nydesigna offshore supplyskip.
Næringsliv

For Rolls-Royce har kontrakten ein verdi på 130 millionar kroner, og den inneheld også opsjonar på to fartøy til.

40 skip med design frå Rolls-Royce

– Vi har hatt eit nært samarbeid med Island Offshore dei siste 11 åra, og vi har utvikla ein stor portefølje av avanserte supply og subsea-service fartøy. Dette har resultert i førti fartøy av vårt design for Island Offshore, enten leverte eller under konstruksjon, fortel salssjef Per Kristian Furø i Rolls-Royce.

Skipstypen i den nye ordren er ei vidareutvikling av det populære UT 755-designen, og det har større kapasitet, dødvekt og dekkslast. Skipa har ei lengde på 84,45 meter, breidde på 17 meter, og ei dødvekt på 3750 DWT. Dekksarealet er på 800 kvadratmeter, og skipa har fasilitetar til eit mannskap på 26 personar.

Gir aktivitet på Sunnmøre

I tillegg til design skal Rolls-Royce levere motorar, gir, propellanlegg, thrustarar, dekkmaskineri, elektropakke og automasjon.

– Kontrakten er eit viktig bidrag til aktiviteten ved dei ulike avdelingane våre i Noreg, kommenterer Furø.

Den omfattande utstyrspakken skal i all hovudsak produserast ved Rolls-Royce sine avdelingar på Sunnmøre og i bergensregionen.

Utstyrast ved STX OSV Brevik

Skipa skal utstyrast ved STX OSV sitt verft i Brevik, og skal vere ferdig til levering siste halvdel av 2013. Skroga blir leverte frå STX OSV Braila i Romania.

Seint i oktober i år fekk Island Offshore overlevert det siste nybygget, “Island Centurion”, også det med Rolls-Royce design. I februar 2012 skal søsterskipet “Island Captain” vere ferdig, og desse skipa er nummer fem og seks i rekkja av UT 776 CD som er bygde for Island Offshore ved STX OSV Brevik.

Island Offshore har enno tre Rolls-Royce fartøy under bygging ved dette verftet, i tillegg til denne siste ordren.