Island Offshore har signert kontrakt med Vard Brevik om bygging av eit stort installasjonsfartøy designa av Rolls-Royce. Dette vert eit multifunksjonsfartøy med eit vidt bruksområde, og det tredje største fartøyet i flåten til Island Offshore.

Island Victory vert navnet på nybygget, og designtypen er UT 797 CX. Båten vil vere utstyrt med ei 250 tonns offshorekran, to ROV’ar og ein stor moonpool og vil kunne utføre subsea installasjonsjobbar på store havdjup, som nedsetting av såkalla «juletre» og generelt vedlikehald. Med ei trekkraft på over 400 tonn kan båten også nyttast til tung ankerhandtering.

- Dette vert ein kraftig plugg med stor anvendelse; Island Victory vil faktisk få ei trekkraft på 280 tonn berre ved hjelp av dieselelektrisk framdrift. Ein kan samanlikne det med ankerhandterarane våre Island Vanguard og Island Valiant på stereoider, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Med ei breidde på 25 meter, og ei lengde på omlag 123 meter, får Island Victory eit dekksareal på heile 1100 kvadratmeter. Fartøyet vil dermed kunne laste opp heile ankersett på dekk, noko som også gjer det ideelt til prelegging av anker.

- Vi har stor tru på at båten kjem raskt i operasjon etter levering, då behovet for vedlikehald av subseabrønnar berre aukar i omfang. I tillegg eignar båten seg utmerka som ankerhandterar også, så vi har fleire bein å stå på, seier Ulstein.

Med plass til 110 mann kan skipet også nyttast som bustad-fartøy ute på oljefelta.

Planlagt levering er juni 2016 frå Vard Brevik. I tillegg til denne siste kontrakten, har Island Offshore også nyleg kontrahert to offshore supplyfartøy av typen Rolls-Royce UT 717 CDX som skal ferdigstillast ved Vard Brevik i tredje og fjerde kvartal i 2015.