Farstad Shipping ASA har oppnådd ei 3 år lang kontrakt med inntil 3 årlege opsjonar for CSV Far Sentinel, som skal ut i arbeid for Subtec S.A. de C.V. for levering av subsea konstruksjons- og vedlikehaldsarbeid samt andre støtteaktivitetar i Mexicogolfen.

- Dette er ei god kontrakt for Farstad Shipping. Det viser at sjølv i ein særs utfordrande marknad er vi i stand til å slutte langsiktige kontraktar for våre skip. Det sikrar verdifull kompetanse og sysselsetting for våre tilsette, seier konsernsjef og hareidsdøling Karl-Johan Bakken.

- Med dette har vi no inngådd gode kontraktar for begge våre 2015-leverte subsea nybygg. Vi bekrefter med det Farstad Shipping sin sterke posisjon i subsea-marknaden, som for oss er viktig i tida framover, seier Bakken.

Oppstart av kontrakta vil vere innan desember 2015. Dei kommersielle vilkåra i avtalen blir heldt konfidensielle mellom partane.