- Den maritime næringa er i ein særs krevjande situasjon. Dette krev grep frå regjeringa, seier Arbeiderpartiets næringspolitiske talsperson Else-May Botten.

Botten påpeiker at næringa som sysselsett 110 000 personar og skapar verdier for 175 milliardar kroner er særs viktig for Noreg.

- På Vestlandet opplever me no at sjøfolk må gå på land, det er færre kontraheringar, auka bruk av permitteringar på verfta og med leverandørindustrien, og levering av skip frå norske verft blir utsatt. Det er spesielt innanfor offshore-relatert verksemd ein ser det største omslaget. Offshore-sørvisreiarane forventar ein redusert omsetnad på 4,2 prosent i løpet av 2015, kontra veksten på 9,9 prosent i 2014. Nesten halvparten av reiarlaga ventar at driftsresultatet deira vil bli svekka i inneverande år. Og eitt av fire reiarlag planlegg å setje på land norske sjøfolk. Dette er bekymringsfullt, seier Botten.

Ho viser til ein fersk konjunkturrapport om situasjonen i den maritime næringa, som er sterkt knytt til situasjonen med oljeomslaget.

- Situasjonen blir meir og meir krevjande her på Vestlandet, men hittil har me ikkje sett noko drahjelp frå regjeringa. Kva gong me spør om kva dei har tenkt å gjere, får me høyre at " me skal vente og sjå", "det er ikkje ille nok enno", og "det er fint at ingeniørar byttar beite".  Men dette held rett og slett ikkje, seier Botten.

Hun minnar om at næringsministeren i fjor hadde eit utval som jobba med konkurransekrafta til norske sjøfolk gjennom innretninga på nettolønnsordninga. Utvalet la samrøystes fram ei rekkje tiltak i september, men ingenting har skjedd sidan.

- På tida å kome på banen

- Nå må regjeringa kome på banen med den maritime strategien dei sjølv har varsla. Denne strategien må innehalde tiltak som er tilpassa situasjonen me er inne i og som vil vere krevjande langt inn i neste år. Det er viktig at tiltaka blir utforma i nær dialog med partane i næringslivet. Arbeidarpartiet vil vere positive til tiltak som vil avhjelpe situasjonen, seier Botten.

Reversering av permitteringsregelverket

Arbeiderpartiet la inn reversering av permitteringsregelverket i budsjettet for 2015. - Me meiner det no må leverast på dei endringane som ei samla næring var samde om angåande nettolønnsordninga. Ei lovfesting av nettolønna er også viktig å få på plass. Dei må også kunne sjå på andre konkrete tiltak for å hjelpe i denne krevjande situasjonen gjennom dialog med partane i næringen.

Botten viser til at situasjonen er grunna i fallande oljeprisar, auka geopolitiske spenningar og usikker vekst i verdsøkonomien, som alle slår innover den maritime næringa. Rederiforbundet viser til at 2015 blir tøft, men 2016 kan bli endå meir krevjande slik det no ser ut.

- Det krev ein aktiv næringspolitikk og ikkje ein næringsnøytral høgrepolitikk, avsluttar Else-May Botten.