Det kan altså gå mot eit dramatisk utfall for dei tilsette i Ulstein og Hareid.
– Vi veit ikkje per no korleis det vil slå ut for nokon av anlegga innan marinedivisjonen. Men, ein stor del av dei tilsette i marinedivisjonen til konsernet er å finne i Norge, faktisk så mykje som over ein tredel. Difor må vi nok rekne med at også vi blir påverka av dette, seier Anette Bonnevie Wollebæk til Vikebladet Vestposten.
Naudsynte grep
For Rolls-Royce Marine skriv i ei pressemelding torsdag at selskapet vil redusere talet på tilsette i den globale marinedivisjonen med 800 i løpet av første halvår i 2017.
Ifølgje meldinga er det ikkje klart kva land som blir råka av desse reduksjonane.
– Dette er i første omgang eit forslag, og vi skal drøfte dette vidare med fagforeininga. Men dette er også heilt naudsynte grep som blir gjort, med tanke på marknadssituasjonen, seier Bonnevie Wollebæk.