- Gløym oljekrisa. Målt etter visse parametrar, ser 2016 ut som ein ellevill oljebonanza. 20. januar blei eit fat nordsjøolje selt for 27,10 dollar fatet. I går ettermiddag låg prisen på over 56 dollar fatet, skriv Dagens Næringsliv-journalist Jostein Løvås i denne artikkelen frå 28. desember.
– Det er ei dobling det, seier DNB sin oljeanalytikar Torbjørn Kjus i same artikkelen.
Kjus trur samstundes at i takt med at oljeprisen stig igjen, vil kostnadsnivået i olje- og gassnæringa minke.