(OSLO/ULSTEINVIK) Kleven og Olympic Shipping kunne vel ikkje gjere noko anna enn å forankre dåpsfesten i Oslo ei slik helg; byen full av blå forventning og Ullevaal ventande bak neste morgongry. Alt tysdag kveld sette båten kursen frå Kleven mot Oslo – og kunne sigle inn fjorden mot hovudstaden torsdag ettermiddag.

Høgredronninga klarte brasane med glans.Rett nok måtte ho ha to forsøk, men så smadra gudmora  sjampanjeflaska mot skutesida med autoriteten til ein komande statsminister: – Måtte hell og lykke følgje deg på alle dei sju hav.

Men før Erna Solberg entra podiet, hadde ingen ringare enn Sinsen Ungdomskorps varma opp publikum med sine friske takter. Mellom dei innbodne gjestene var storinvestoren Olav Thon, som har utvikla eit nært forhold til Stig Remøy mellom anna i samband med hotellutbygginga i Fosnavåg. Gjester var også Sturla Henriksen i Rederiforbundet og Stein Lier Hansen frå Norsk Industri.

Ingen ringare enn Rein Alexander – med sterke band til Ytre Søre Sunnmøre song både under sjølve dåpsseremonien og ved lunsjen om bord.

Kjempetelt

Etter den høgtidlege dåpsseremonien, kunne gudmor, innbodne gjester og presse ta skuta i augesyn. Vertane i Kleven og Olympic hadde slege opp eit gigantisk telt på dekket og dekt på til lunsj for 300 gjester. Her var det den norske superkokken Erling Sundal, opphavleg frå Fosnavåg, som stod for serveringa. Han kan mellom anna skilte med noregsmeisterskap i kokkekunst frå 2000. Sjølvaste Finn Schøll (Blomster-Finn) hadde pynta scene og telt. Her skulle det ikkje mangle på noko.

Etter kontrakten skulle Kleven Verft ha overlevering av “Olympic Taurus” 28. november. Men Kleven-organisasjonen har som vanleg vore effektive.

I utgangspunket var planen at dåpen av “Olympic Taurus” skulle skje i Ulsteinvik, men med Hødd i cupfinalen kunne ikkje konsernsjef Ståle Rasmussen og reiar Stig Remøy gjere stor t anna enn å leggje dåpen til Oslo.

Med ei høgde på 36 meter frå vasskanten til helikopterdekk var “Olympic Taurus” eit majestetisk syn ved Søndre Akershuskai.

“Olympic Taurus” er eit lite stykke Ytre Søre Sunnmøre. Skipet er bygt ved Kleven, det er designa av Marinteknikk i Herøy og mykje av utstyret om bord er lokalt.

Både verftsdirektør og reiar var glade for at Erna Solberg hadde sagt ja til å vere gudmor. I talen sin på kaia nytta Rasmussen sjansen til å minne høgreleiaren om vesentlege sider ved rammevilkåra for skipsindustrien, slikt som nettolønnsordning, vikarbyrådirektiv og samferdselspolitikk.

Tredje skipet i serien

“Olympic Taurus” er tredje skipet i serien 6015, designa ved Marinteknikk i Herøy. Også “Olympic Commander” og “Olympic Orion” er bygde ved Kleven Verft. Dei to første skipa har hatt oppdrag heilt sidan overleveringa, og Stig Remøy kjenner seg trygg på at det same vil skje med “Olympic Taurus”.

Skipet er utrusta til å vere eit fleirbruksskip, og kan nyttast både innan subsea og som lett konstruksjonsskip. Det skal utrustast med helikopterdekk og kran, og har stor underdekkskapasitet. Ei ekstra isklasse gjer at skipet kan ta oppdrag i nordområda, og skipet er også klargjort til raskt å kunne setje inn ROV-utstyr.

Inkludert kraner og diverse anna ekstrautstyr kostar “Olympic Taurus” om lag 450 millionar kroner.

Reiaren valde å koste på skipet litt ekstra, slik at det kan brukast i fleire marknader.

Over 800 sjøfolk

Inkludert “Olympic Taurus” har reiarlaget Olympic Shipping no 19 skip i offshoreflåten sin. I august neste år kjem nummer 20, også det frå Kleven. I tillegg har reiarlaget 3 havgåande fiskebåtar.

Olympic Shipping er med sine 16 år eit ungt reiarlag, og sal av dei eldste skipa gjer at snittalderen på skipa er berre 4,5 år.

Innan offshore har reiarlaget over 600 tilsette sjøfolk, innan fiskeri er talet nærare 200. Totalt har reiarlaget dermed over 800 tilsette, og over 90 prosent er nordmenn.

Ordrebok på 7 milliardar

I ordreboka til Kleven-konsernet er det no kontraktar til ein samla verdi på over 7 milliardar kroner. Slik situasjonen er no, har Kleven, som også omfattar Myklebust Verft, arbeid ut 2014 og litt ut i 2015.

Flott dåpssermoni. Frå venstre ser vi: Oddlaug Remøy, Erna Solberg, Ståle Rasmussen og Stig Remøy. Foto: Joar Ødegård