I ei årrekkje har Via Egencia vore etablert i Ulsteinvik, då under namnet Via Travel. I dag er dei ein del av Expedia-konsernet, der 96 prosent av arbeidskrafta i ved avdelinga i Ulsteinvik går med til handtering av forretningsreiser og mannskapsskifte for reiarlag og verksemder frå heile regionen. Dei resterande fire prosentane går med til ferie og fritid.

Ville syne seg fram

Onsdag inviterte Via Egencia sine kundar og samarbeidspartnarar til eit omfattande opplegg ved si avdeling i Ulsteinvik. Byrået ville vise fram sitt nye lokale på Borgstein, og presentere korleis dei systematisk jobbar med handtering av blant anna forretningsreiser.

Dei 54 inviterte gjestene fekk vera med på ein presentasjon på møterommet, før dei fekk bli med ein av Via Egencia sine mange samarbeidspartnarar, 62 Nord, ut på sjøen i RIB-båtar. Vidare fekk dei servert middag på Quality Hotel Ulstein, som også er ein god samarbeidspartnar for byrået.

Tilpassa bemanning

21 konsulentar jobbar berre med forretningsreiser. 10 konsulentar jobbar med mannskapsskifte.

– Vi sørgjer for ein ryddig, organisert og trygg reiseplan for tilsette i fleire reiarlag. Som til dømes Island Offshore, Rem Offshore, Bourbon Offshore, Havila Shipping og fleire mindre reiarlag. Det er godt over 2000 sjøfolk som skal til å frå 90 skip over heile verda. Med ein utbetra og meir spesialisert stab, er vi no i stand til å handtere det meste. Det skal meir til enn ein Widerøe-streik eller sjukmelding for å stogge oss. Bemanninga er tilpassa oppdragsvolumet, fortel Klubbenes og Ringstad Ingeberg.

Les meir i papirutgåva av Vikebladet Vestposten på torsdag.