Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal, og ein viktig støttespelar for over 3500 lag- og foreiningar i fylket. Også i Ulsteinvik og på Hareid er banken involvert i ein stor del av aktivitetane.

– Laga og organisasjonar gjer alle ein fantastisk jobb for å skape trivsel for innbyggarane. Gjennom betalingsappen SPING kan vi bidra til å auke inntektsgrunnlaget til desse aktørane, noko som igjen vil føre til auka aktivitet og attraktivitet, seier Melinda Skeide i Sparebanken Møre på Hareid i ei pressemelding.

Auke inntektsgrunnlaget til klubbane

Som ein naturleg konsekvens av den teknologiske utviklinga, utgjer kontantbetaling ein stadig mindre del av pengebruken i norske hushald. Både klubbar og idrettslag er blant aktørane som lett kan gå glipp av kjærkomne inntekter til sitt arbeid.

SPING gir fordelar for både kunde og mottakar. Samtidig som klubben eller idrettslaget kan auke inntektene, blir det også mindre kontanthandtering og ein slepp bankterminal. For kundane er kioskløysninga både trygg, enkel og effektiv.

– SPING kan brukast både til å handle kioskvarer, betale kontingentar og gi gåver eller donasjonar, forklarar Nina Holm Sundgot i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.

Mange nye brukarar av SPING

Fleire lag og organisasjonar har deltatt som testbrukarar i utviklingsprosessen av SPING, og tilbakemeldingane frå desse har vore gode. Blant aktørane som har testa løysninga er Hjørungavåg IL og Hasundgot IL, som kan fortelje at dei ser fram til å ta i bruk SPING betaling.

– Det er fleire aktørar i vårt nærområde som no tek i bruk SPING betaling, fortel Skeide.

Gode digitale løysningar

I februar lanserte Sparebanken Møre også betalingstenesta SKULS i mobilbanken. Denne lar kundane overføre pengar via mobilnummer. Mottakar får ein SMS, og tastar inn det kontonummeret pengane skal inn på.

– Vi skal vere ein moderne bank med gode digitale løysingar, og vi synest kundane våre fortener lokale alternativ med høg kvalitet, seier Holm Sundgot.

Melinda Skeide og Nina Holm Sundgot frå Sparebanken Møre presenterer banken si nye mobile kioskløysing SPING. Foto: Arkiv.