Nærings- og miljøutvalet i Hareid skal i møtet 5. mai ta stilling til tre søknader om støtte frå det kommunale næringsfondet. Ein av søknadene kjem frå Victoria Rinde, som planlegg å starte fotostudio/-butikk på Hareid.
Rådmannen tilrår eit tilskot på 86.500 kroner og skriv at Victoria Rinde i tillegg til å tilby fotografering skal drive med sal av rammer, fotoalbum og diverse andre produkt. Det er behov for denne typen verksemd ettersom Hareid ikkje har hatt fotostudio på nokre år. For å kome i gang trengs det kapital til innkjøp av inventar, butikkutstyr – og til profilering.