For tre år sidan flytta firmaet PMC Servi Technics frå Skeide til Saunesmarka. Då Kjell-Atle Gjøringbø og Joar Sundgot starta opp i 2000 var dei fire tilsette. I dag er dei 50 sysselsette med to lærlingar frå mekaniske fag. Fast tilsette i staben er 38 personar.

- Vi leverer mykje til verfta og lokalmiljøet, presiserer Gjøringbø. Han viser ut i frå teikningar og brosjyrer både sylindrar og hydrauliske aggregat. Pneumatiske behandlingsutstyr vert også produserte her. På godt norsk forklarer Kjell-Atle at dei mellom anna leverer nokre kraner som hjelper båtane i slingring med bølgjer på 10 meters høgde. I tilllegg driv dei også med import.

Han fortel at PMC Servi Technics er ein del av den svenskeigde PMC-gruppa som omset for 3 milliardar norske kroner i året. Konsernet har verksemder i 12 land, av desse er fire lokalisert i Noreg.

- Det var danske Sophus Berentsen som la grunnlaget for verksemda etter at han 22 år gamal vart inspirert av verdsutstillinga i London, fortel Gjøringbø. Det som i dag er PMC-group vart starta i 1913 og feirer med andre ord 100-årsjubileum i år.

- Triveleg arbeidsmiljø er viktig

Gjøringbø rosar dei tilsette og fortel at dei har eit internasjonalt miljø med ingeninørar frå Polen, Nederland, Bosnia og Danmark. No ventar dei på ein kvinneleg ingeniør frå India. Samstundes er det mange gode lokale arbeidarar i staben.

- Alt i alt har vi eit triveleg arbeidsmiljø, konkluderer Kjell-Atle nøgd. Han framhevar den sosiale delen på arbeidsplassen som særs viktig.

Uforgløymeleg jubileumstur

PMC Servi Technics ville gjere noko særskilt for å markere 100-årsjubileet. I slutten av april leigde dei eit charterfly og fekk oppleve tre spennande dagar i Longyarbyen på Svalbard. Koordinator Marianne Nygård Lillerovde, teknisk sjef Kurt Sindre Gjerdsbakk, Kjell-Atle Gjøringbø og Joar Sundgot mimrar med glede over turen.

- Eg som ikkje likar snø eingong, er freista til å dra attende, smiler Gjøringbø.

- Såg de isbjørn?

- Nei, men vi såg eit grått polar-reinsdyr som såg heilt annleis ut enn vanlege reinsdyr, forklarer Nygård Lillerovde.

Dei snakkar også varmt om den russiske byen Barensburg og flotte opplevingar med is-grotting og turguide.

PMC Servi Technics held til i Saunesmarka. F.v. Kjell-Atle Gjøringbø, Kurt Sindre Gjerdsbakk, Marianne Nygård Lillerovde og Joar Sundgot minnast bursdagsfeiringa på Svalbard med glede.