14. mai blei det kjent at PSV-fartøyet Island Endeavour har teikna ei eitt års kontrakt med nederlandske Peterson SBS Den Helder. Det opplyser reiarlaget Island Offshore i ei mindre pressemelding.

Sidan 2008 har Island Endeavour utført tenester i Nordsjøen – heilt utan ulukker som har medført personskade eller arbeidsfråvær.

– Vi takkar Peterson SBS Den Helder for den nye kontrakten. Vi gler oss til å halde fram det gode samarbeidet, avsluttar Island Offshore.

Seglar for ConocoPhillips

Tidlegare denne månaden vart det kjent at Island Commander også har fått ny kontrakt på eitt år med ConocoPhillips.