Laurdag 7. mars møtte Venstreleiar Trine Skei Grande og andre sentrale Venstrepolitikarar Maritimt Forum Nordvest hjå Rolls-Royce på Norsk Maritimt Kompetansesenter.

- Maritim næring kan bidra til det grønne skiftet, var hovudbodskapen ho fekk med seg.

- Me har kompetanse og mykje av teknologien. Noreg kan ta ei global leiande rolle innan grøn skipsfart og maritim næring, sa dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. Satsinga på grøne løysingar er som eit kinderegg, miljøgevinst, teknologifremjande og verdiskapande.

- Kva betyr det for næringa å møte partileiarar?

- Det gir moglegheit for å påverke politikken. Mange er opptekne av det grøne skiftet, der meiner me at me kan bidra. Det er som eit kinderegg: det er bra for miljøet, me må tenkje nytt og det er verdiskapande, noko som vil sikre arbeidsplassar i mange tiår framover, svarer Ingjerd.

Fire punkt til "drøymepolitikken"

På slutten av møtet lanserte Maritimt Forum Nordvest nokre punkt på ein "drøymepolitikk" for maritim næring sitt bidrag til det grøne skiftet:

1. Alle ferjer, kystfraktfartøy og hurtigbåtar skal innan 2030 ha null utslepp.

2. Miljødrive anbodsregime på ferjene frå 2016. Stortinget har vedteke "all kommende fargeanbud skal ha krav om nullutsleppsteknologi (og lavutslippsteknologi) når teknologien tilsier det". Men vedtaket blir omgått i fylka.

3. Alle større hamner skal ha landstraum innan 2020.

4. Tungolje forbode også nord om Stad frå 2016. I dag stoppar forbodet om tungolje ved 62 gradar nord.

Noreg som "inkubator"

Venstreleiaren likte tanken om at me kan bruke norskekysten som "inkubator" for ny miljøvennleg teknologi og dermed ta ein leiande posisjon i denne nye veksande, grøne marknaden. Venstre såg at dei store omstillingane som er naudsynte globalt for å nå utsleppsmåla, kan bli brukt til Noregs fordel gjennom ei vidare utvikling av dei maritime næringane.

Må løfte saman

Både stortingsrepresentant Pål Farstad, fylkesvaraordfører Gunn Berit Gjerde og Pål Midtsæther Grødahl i frå Ulstein Venstre var særs nøgde med omvisinga og orienteringa i frå maritim næring. Spesielt at Noreg kan etablere ein miljøvennleg og effektiv kystfart, der kystflåten heilt eller delvis er drive med batteri, hybrid, LNG eller andre miljøvennlege drivstoff var gledeleg for miljøpartiet Venstre .

Venstre sette også pris på næringa sine tankar om ein ”Grønn Finansieringsmodel” for nybygg med låg eller nullutsleppsteknologi innan den norske kystflåten og for den norske ferjeflåten. Arnfinn Ingjerd i frå Maritimt Forum la vekt på at for å etablere verdas mest effektive og miljøvennlege sjøtransport i norske farvatn må heile den norske maritime verdikjeda løfte saman. Myndigheiter, lasteigarar, speditørar, reiarar og leverandørar.

- På denne måten kan Noreg etablere verdas mest effektive og miljøvennlege fartøy, uttalte Ingjerd.