Det blei ikkje semje i meklinga mellom Parat/Widerøes Kabinforening og NHO Luftfart/Widerøe. Dermed gjekk alle kabintilsette i Widerøe ut i streik frå og med onsdag 8. mai, og trafikken i selskapet har stoppa opp. Til dagleg frakter Widerøe 11,000 passasjerar frå 47 flyplassar i Noreg og Europa.

Sjokkert

– Eg er sjokkert over at vi er i streik, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe i ei pressemelding.

– Europas best betalte kabintilsette streikar, og det er helt uforståeleg for oss. Vi har gjeve eit tilbode og eit oppgjer som sikrar at vilkår og pensjonsnivået for dei kabintilsette forblir like godt som i dag, samt at vi tilbaud dei ei sikring mot endringar i vilkåra i pensjonen fram til 2017. Dette har dei avvist, seier Kongsteien.

– Våre kabintilsette har høgast lønn, færrast arbeidsdagar, lågast pensjonsalder og den beste pensjonsavtalen i Europa, og det er fullstendig meiningslaust at de streikar, seier Richard Kongsteien.

Widerøe beklagar overfor alle som skulle reise at dette blei utfallet.

– Eg har vanskeleg for å forstå at de kabintilsette verkeleg vil streike på dette grunnlaget. Dei gjer livet svært vanskeleg for fleire av de 11,000 passasjerane som skulle reise i dag, dei setjer arbeidsplassar i Widerøe i fare ved å påføre selskapet enorme tap, og det frå en posisjon med de aller beste vilkår i bransjen, seier Kongsteien

Slik ser reiseplanen til Ørsta/Volda lufthamn ut fredag. Foto: Avinor.no