Plany har sprengt salsbudsjettet sitt for lengt. Det skriv Nett.no.

Selskapet vart etablert i 1964 som seglmakarverkstad, først og fremst som leverandør til skip og skipsindustrien. I dag er verksemda sin kjernemarknad innanfor marin og maritim sektor. Dei største marknadane er skip, havbruk og verftsindustrien. I fjor feira Plany 50 år.

Luseskjold er ei storsatsing for Plany, og sidan oppdrettsnæringa i 2014 nytta opp i mot fire milliardar kroner på tiltak for å ta knekken på lusa, er det gode pengar å hente her. Både luseskjold og eit ferskvassbasseng som Plany lagar blir nytta i lusebehandling. Inntektene til selskapet har på grunn av suksess på fleire frontar auka frå 20 til 26 millionar kroner mellom 2013 og 2014. Dagleg leiar Børre Waagan meiner veksten held fram også i år.

- Vi hadde eit mål om å runde 30 millionar, men no ser det ut til at vi vil lande på 35-36 millionar, seier Waagan til Nett.no.