Rolls-Royce Marine, som mellom anna held til i Ulsteinvik og i Hjørungavåg, gjekk i minus første halvåret i år. Det skriv konsernet på sine nettsider.

Inntektene til Rolls-Royce Marine kom på 524 millionar pund i første halvår. Ifølgje Nett.no var desse inntektene fordelt på 45 prosent offshore, 29 prosent innanfor marineseksjonen og 26 prosent innanfor handelsfartøy.

Resultatet før finanspostar var ifølgje næringslivsportalen på minus 31 millionar pund. Til samanlikning var resultatet på minus 13 millionar pund første halvår i 2016. Det blir ifølgje konsernsjef Warren East fokusert mykje på omstrukturering, og kostnadane knytte til personell har blitt redusert med så mykje som 30 prosent sidan arbeidet byrja i slutten av 2014.

Rolls-Royce Marine har for tida ei ordrebok på 0,9 milliardar pund.